I løpet av to veker har bygda Øye i Norangsdalen vore utan dekning eller naudnett i7-8 døgn. Med ei svermande turistnæring og ein stor del av bygdas innbyggjararover 50 år kjennest dette uakseptabelt for lokalsamfunnet. Klage til Telenor har blitt sendt, men tilinga nytte. Dei meiner dette er for dårleg av eit mobilselskap i 2014. Ved alvorlegsjukdom eller ulykke, til dømes om natta, kjenner dei seg så og seie sjanselause. Ved behov for sjukebil eller sjukehelikopter vil det ta så lang tid å få kontakt at det kanskje vert for seint.

- Eg synestdet er på høg tid at Telenor får ei varig løysing. Etter det eg kjenner til såhar det skjedd fleire gongar berre i år at vi er utan samband, seier Einar Arve Nordang som eroppvaksen i Norangsdalen.

Øye erkanskje ikkje ei stor bygd, men folket ønskjer ikkje å verte gløymde av den grunn.

- Telenorgav oss i går beskjed om at saka då hadde høgste prioritet med fare for liv oghelse. Dette held dei ikkje oppe og inga feilretting starta før i dag. Eg synesdet er uhaldbart at vi gong etter gong vert isolert frå omverda med tanke påtelefonisk samband. Når både fastnett og mobilnett er ute er vi isolert fråomverda og det er sjølvsagt svært utfordrande å drive hotell under slikeomstende, seier Mariann Øye-Mork som er direktør på Hotell Union Øye.