Dei fleste som har ein Facebook-konto har oppdaga at det for tida myldrar av videoar av folk som hoppar ut i iskaldt vatn. Trenden går ut på at ein først skal ta seg ein dukkert, så utfordre tre vener til å gjere det same innan 24 timar. Om ein ikkje gjer det, må ein kjøpe ei flaske vin til utfordraren. Nokre variantar går ut på at ein i staden må gje eit valfritt beløp til flyktningar i Syria eller andre veldedige saker.

Ein av dei som vart utfordra av ikkje mindre enn to personar i helga, var Ørsta-ordførar Rune Hovde. Både Alfred Bjørlo og Monika Barstad Rebbestad ville sjå ordføraren bade, ei utfordring han tok på strak arm.

– No held eg akkurat på å tørke meg etter å ha bada, seier ordføraren då Møre-Nytt ringjer for å høyre korleis det går med utfordringa søndag ettermiddag.

Ordføraren tek badetrenden med godt humør.

– Det er berre løye å bade i mai. Særleg om det går til ei god sak. No badar folk over alt. Det er nesten vanskeleg å finne ei strand utan folk som badar. Men folk må passe seg så dei ikkje skadar seg, seier han.

Og sjølvsagt sender han utfordringa vidare.

– Eg vil utfordre venstremennene Gunnar Knutsen og Tor Havåg. I tillegg utfordrar eg lufthamnsjef Sverre Bae. Sistnemnde har hytte ved sjøen, så dette må vere daglegdags, seier den nybada ordføraren.