Noregtreng framleis ei sterk og nytenkjande arbeidarrørsle. Det gjer vi fordi vi måmotverke ei utvikling med aukande samfunnsskadelege, økonomiske forskjellar.Det siste vi treng, er Høgre/Frp-politikk for auka skilnader.

Det sastortingsrepresentant Else May Botten i 1. mai-talen ho heldt i Ørsta torsdag.

Forskjellar

Mykje avtalen til Botten handla om det ho meiner er ein trend med aukande forskjellarmellom folk.

- Deter dokumentert at skilnadene no aukar i den vestlege verda. Det er fordi deisom sit på kapital og store formuer konsekvent tener meir enn dei som arbeiderfor løn eller skaper bedrifter. Kva ein arvar vert stadig viktigare, medaneigen innsats og kva ein sjølv skaper får mindre å seie.

-Vi er i ferd med å nærme oss skilnadene vi såg på slutten av 1800-talet, saBotten, og brukte den franske økonomen Thomas Piketty som kjelde for dennepåstanden.

For å motverke denne tendensen, meiner Botten at det trengst ei sterkarbeidarrørsle.

Aktiv næringspolitikk

- INoreg handlar det m.a. med å ha ein aktiv næringspolitikk med fokus på Noregsine spesielle føremoner, slik som den maritime næringa, fiskeri og oppdrett,energi og reiseliv. Vi skal ha ein landbrukspolitikk for auka matproduksjon ogjordbruk over heile landet. Svaret vårt er rett og slett å ta politikken i bruktil beste for folk i heile landet, og for dei som kjem etter oss, sa Botten.

Homeinte at Høgre/Frp-regjeringa sin politikk er motsett.

- Høgre/Frp-regjeringasi tenking er å kutte i alt som er målretta, både når det gjeld enkeltnæringarog når det gjeld geografisk fordeling.  I regjeringserklæringa går dei til ogmed så langt som å presisere at distriktsdimensjonen må verte skilt vekk frålandbrukspolitikken, sa Botten.

Reell fridom

-Både velferdspolitikken, fordelingspolitikken og den aktive nærings- ogdistriktspolitikken til Arbeidarpartiet handlar til sjuande og sist om åarbeide for reell fridom for det einskilde mennesket. Det handlar om fridomentil å leve sine liv på den måten ein ynskjer, og på den staden ein ynskjer, saBotten i talen i Ørsta.