I fjor var det første gong haugenbok.no var med i kåringa. Dei enda då på ein fjerdeplass, noko dagleg leiar Lars-Ove Hammer var svært nøgd med.

- Men vi kan alltid strekke oss lenger, og dette er ei stadfesting på at vi gjer noko rett og at vi jobbar på ein god måte, seier han, og rosar medarbeidarane sine.

Staben ved haugenbok.no tel 22 personar, og Hammer seier at det gode resultatet kjem som følgje av lagarbeid.

Stor fallhøgd

Hammer er tysdag i Oslo, og testa sjølv ut vinnaren av Norsk Kundebarometer då han tok flytoget frå Gardermoen til Oslo.

- Vi og Flytoget er nok to svært ulike bedrifter, men har det til felles at vi ønskjer at kundane våre skal vere mest mogleg tilfredse. Vi driv kundehandsaming. Men der vi er ei lita og privat bedrift i Volda, er Flytoget noko heilt anna. Så vi er kanskje ikkje heilt enkle å samanlikne.

Han innrømmer at han var spent på resultatet, og seier at fallhøgda frå fjerdeplassen kjentes svært stor. At dei då klatra oppover til ein andreplass vart han svært glad for.

- Men vi kan ikkje slappe av og kvile på laurbæra. Vi skal halde fram som vi gjer og strekke oss enno lenger. Det er alltid ting vi kan gjere betre.

Om Norsk Kundebarometer

Norsk Kundebarometer er eit forskingsprosjekt ved Handelshøyskolen BI som kvart år måler tilfredsheit og lojalitet blant norske forbrukarar. Kundane får høve til å seie kva dei meiner om bedrifter dei kjøper varer og tenester frå.

Årest rangering:

1 (1)    Flytoget    86,22/100

2 (4)    haugenbok.no    84,13/100

3 (5)    Toyota     83,34/100

4 (10)  OneCall     83,15/100

5  (7)   Gudbrandsdalen Energi   82,4/100

Dei minst nøgde kundane er det McDonald's som har. Dei oppnår berre 58,9 poeng.