Utviklingsforumet ønskjer også betre ruter til Oslo og Bergen.Det er i eit innspel til Widerøe sitt ruteprogram for tilbodsruter for åra 2012 – 2016 at Utviklingsforum Hovden Lufthamn kjem med ønska sine.

Sju avgangar

Dagens rutetilbod ved Hovden er sju avgangar til Oslo og to til Bergen tur/retur dagleg. Utviklingsforumet peikar på at nokre ruter, særleg morgonflya til Oslo og Bergen, ligg med over 80 prosent i kabinfaktor, noko dei meiner gjev for dårleg kapasitet og pliktar kapasitetsauke.– For å kunne betjene veksten i inneverande tilbodsperiode, vil vi oppmode om at det blir sett inn eit morgonfly ca.kl.07.30 til Oslo, og eit til Bergen kl. 08.00. Alternativt bør ein kanskje sjå på kapasitetsauke per flygning, seier utviklingsforumet. Der finn ein Rune Hovde, Arild Iversen, Richard Grov, Stig Remøy, Terje Høybakk og Svein Gjelseth.

Trondheim

– Fly til Trondheim har vore omtala ved fleire høve, og særleg er dette eit behov innan helserelaterte reiser, utdanning og kommunale og statlege institusjonar på Søre Sunnmøre, da det i dag er svært dårleg kommunikasjon nordover frå Sunnmøre, seier gruppa.Ho meiner at det som no er i ferd med å legge grunnlaget for denne ruta, er i tillegg den auka oppbygging av basen i Kristiansund i høve offshoreverksemd, at ein ganske stor andel arbeidstakarar på Søre Sunnmøre har sitt arbeid i denne industrien. – I sum gjev desse brukargruppene eit grunnlag for ei rute som går frå Hovden via Kristiansund til Trondheim. Det ligg eit estimat i tal reisande frå mandag til fredag på kring 4.260 reiser per år, i tillegg vil ein få vanleg private reisande frå eit influensaområde på 70000 menneske, forklarar forumet.

Utselt

Dei konkluderer med at samla sett er flytilbodet dei to første åra av tilbodsperioden ved Hovden prega av å vere “utselt” og for dårleg kapasitet på ein del avgangar.Forumet ønskjer styrking og nye ruter resten av tilbodsperioden som følgjer:Hovden – Oslo (mandag-fredag.) Frå Hovden 07.30 og retur frå Oslo 17.00. Hovden – Bergen (måndag – fredag.) Frå Hovden 08.00 og retur frå Bergen 17.00. Hovden – Kr.Sund – Trondheim (måndag-fredag.) Frå Hovden 07.00 og retur frå Trondheim 17.30. – Aukande utbygging av offshorevirksomheit i Kristiansund, kombinert med helserelaterte reiser til St.Olav i Trondheim gir grunnlag for denne ruta, meiner Utviklingsforum Hovden Lufthamn.Dei peikar på potensialet ved Hovden.– I løpet av sommaren 2014 vert Kvivsvegen ferdigstillt og Eiksundsambandet bompengefritt. Avinor har no ferdigstilt parkeringsområdet, og bygging av nytt flytårn skal startast i inneverande år.Det vert også peika på at Hovden har hatt ein formidabel auke dei siste ti åra, og er per. i dag den nest største kortbaneflyplassen i landet.