Aksjonærane valde samrøystes Kjell Arne Aurstad som nytt styremedlem etter Petter Bjørdal som representant for Ørsta kommune. Personleg vara er Bente Reklev. Ho tek over etter Reidun Vigestad Berge.

Som representant frå Vanylven kommune vart Lena Nordal Vedeld valt, med Mathias Hogne Gjerde frå Sande kommune som vara.

Frå Hareid kommune vart Lars Erling Bjåstad Hovlid valt, med personleg vara Jan Berset som representant frå Ulstein kommune.

Ikkje på val

Styret i Tussa Kraft AS er samansett av 11 personar. Sju personar er valt inn av eigarane, fire er tilsetterepresentantar, valt inn av dei tilsette i Tussa.

Styreleiar er Gunnar Gjørtz.

Dei andre i styret er Hilde Marie Brungot (Tjørvåg), Sindre Rotevatn (Volda), Inger Sandvik Sundnes (Ørsta) og tilsetterepresentantane Bjørn Berge, Ole Johan Rekkedal, Vivian Roppen og Håvard Marøy.

Honorar

Valnemnda ved leiar Henry Jøsokkbakke rådde generalforsamlinga til å auke godtgjersla for 2014 på 2,5 prosent for styre og varamedlemer.

Dei nye satsane for godtgjersle er:

133.200 per år til styreleiar, 83.900 per år til styremedlemer og 6.000 per møte til varamedlemer.