- Eg er svært glad for engasjementet. Vi var skeptiske til korleis det ville vere med oppmøtet når vi såg det fine vêret, opna ordførar Rune Hovde med.

I planprosessen har det kome over 100 innspel og merknader. 65 av merknadene er utgreidde, og 45 er tekne til følgje i planane. Ordføraren rosar dei som engasjerer seg.

- Dette handlar om korleis vi, og dei som kjem etter oss, skal ha det i Ørsta.

Store linjer

Kommunen heldt ei innleiing der dei trekte dei store linjene i kommunedelplanen for Ørsta sentrum og Hovdebygda. Målet med planen er å sikre tilstrekkeleg areal til bustader, næring og offentlege føremål, sikre grøntstruktur, turområde og nærfriluftsområde. Ørstafjordkryssinga er også med i planen, med to ulike alternativ. Enten tunnel under Raudøya, eller bru mellom Lianes-Sørheim.

Ras

Fleire kom med innspel under møtet. Det vart diskutert rasfareproblematikk, landbruk og flyplassrestriksjonar.

På rådhuset i ettermiddag er det ope hus for dei som ønskjer ein meir personleg prat med dei som er ansvarlege for planprosessen.

16. mai er frist for å kome med innspel.