Dette seier Harald Indresøvde, leiar i Volda golfklubb. Etter at bana i Vassbotnen opna i 2001, vart han hekta på golf. Saman med klubbkollegaene, tek han gjerne turen ut på golfbana tre-fire gongar i veka.

– I motsetnad til andre idrettar, er golf eigna for alle. Det er ikkje så lett å byrje spele fotball når ein er 60 år, men det kan ein altså her. Eg har stor tru på helsegevinsten av golf. Og så er det sosialt, her vi går og pratar med kvarandre, seier Indresøvde.

På ein solskinsdag kan ein forstå kva han snakkar om. Golfbana i Vassbotnen strekkjer seg over 200 dekar, og er som ein stor park å rekne. Bana har ni hol, og skal ein spele seg både fram og tilbake på heile bana, går det om lag fire timar.

Har 150, vil ha 400

Golfklubben i Volda tel i dag 150 lokale medlemmer. Det talet vil klubben no auke.

– Då klubben vart skipa, hadde vi som mål at fire prosent av innbyggjarane i Volda og Ørsta skulle spele golf. Det er åtte hundre menneske. Men framleis er vi berre 150. Vi burde vere minst 300–400 medlemmer, meiner klubbleiaren.

Årsaka til at ikkje fleire er med, trur han kan skuldast at golfsporten generelt arbeider i motbakke for tida.

– Det er ikkje like mykje i vinden no som det var. Talet på golfspelarar har gått ned. Vi merkar også konkurransen frå andre idrettar – det er vanskeleg å rekruttere frå den yngre garde, seier han.

Indresøvde avviser at golf har eit litt «snobbete» stempel, slik det ein gong hadde.

– Nei, golf passar for absolutt alle, i alle aldrar, seier han.

Dugnad

For å halde golfbana i Vassbotnen i stand, legg medlemmene ned mykje dugnadsarbeid. Klubbleiaren skulle ønske det var meir støtte frå det offentlege å hente til idretten.

– I forhold til kva som vert skote inn i fotballhallar og anna frå staten, får vi ingenting. Vi får det til å gå rundt her, men det er takka vere folk som vil stille opp. Utan pensjonistar, hadde mykje stogga i Noreg. Og helsemessig er golf ein fantastisk idrett for alle oss som er litt opp i åra.

Kurs og open dag

No ønskjer dei altså å få opp medlemstalet gjennom ein rekrutteringskampanje. Komande søndag vert det open dag på golfbana, der alle som vil kan kome og slå nokre slag.

– Vi stiller med nokre erfarne medlemer som gir litt instruksjon og informerer. Vi har køller til utlån til både store og små, seier Indresøvde.

Vidare vert det i starten av mai arrangert kurs for nybyrjarar.

– I fjor hadde vi 25 personar på kurs. Det treng vi, for sjølv om vi har auka medlemstalet, lek det litt ut også. Vi vil ha fleire mykje yngre medlemmer, og gjerne fleire damer også. Vi har berre tjue kvinnelege medlemmer, seier Indresøvde.

Kurset varer fire kveldar, og er naudsynt for å kunne spele ute på sjølve bana.

– Kurset er for det meste praktisk retta. Tankegangen bak opplegget er at ein lærer best når ein går ut på bana saman med erfarne golfspelarar. Etter første kveld med mest teori, vil deltakarane starte med praktisk trening både på treningsområdet og ute på bana. Profesjonell golftrenar vil ha ansvaret for minst ein av undervisningskveldane.

I slutten av mai vert det også ei turnering golfklubben, der førstepremien er ein fem dagars tur til Bulgaria.