Kvardag måler TINE kvaliteten på mjølka som bøndene leverer. Den beste mjølka vertklassifisert som «elitemjølk». Bønder som klarer å levere elitemjølk kvar einestedag i 15 år vert heidra med Sølvtina. I år vart 117 mjølkeprodusentar heidramed Sølvtina. Ein av desse er Edith Flakk Nordang og Jon Arne Nordang fråNorangsfjorden.

Sølvtinene vart overrekt av konsernsjefen og styreleiaren i TINEunder eit høgtideleg arrangement på Lillestrøm 22. april. Elitemjølk er denhøgste kvalitetsmerkinga norske mjølkebønder kan få for si råvarelevering, ognær 5.500 dagar med god fjøsdrift og god dyrevelferd må til for å kunne mottaden eksklusive tina i sølv.

God kvalitet

- Mottakarane av Sølvtina har vist svært god drift og imponerandefagleg dyktigheit over lang tid. God kvalitet på mjølka vi får inn til meieriavåre er avgjerande for kvaliteten på produkta, så her legg bøndene eit godtgrunnlag for TINEs mange merkevarer, seier konsernsjef Hanne Refsholt.

Styreleiar Trond Reierstad i TINE er stolt over den dyktigheit oggrundigheit mottakarane av Sølvtina representerer. Bak prestasjonane liggyrkesstoltheit, gode rutinar og grundig planleggjing og oppfølgjing av alledelar av gardsdrifta, med stor vekt på å ta vare på dyra på den beste måten.

- Topp kvalitet på norsk råvare er det beste konkurransefortrinnetnorsk mjølkeproduksjon har i konkurransen med utanlandske aktørar. Dei siste 15åra har andelen elitemjølk auka jamnt, seier Trond Reierstad.