I ti år har Carl-Åge Henriksen arbeidd som fotograf. For halvtanna år sidan tok han steget ut og opna eige fotostudio på Ørsta Torg.

Denne veka fekk han besøk av elevar frå arbeidslivsfagklassa på Ørsta ungdomsskule, som ville høyre meir om kva det inneber å arbeide som sjølvstendig næringsdrivande.

Arbeidslivsfag er ei eit valfag som skal gje elevane eit innblikk i arbeidslivet, og skal ta føre seg dei fleste yrkesretningane.

Tidlegare har dei vore på bedriftsbesøk m.a. hos Vik Ørsta, Ørsta kommune og Tussa.

Teknikk og detaljar

På besøk hos Carl-Åge Henriksen var det fotografyrket som var tema. Henriksen starta med fotografering som 11-åring, og sidan har interessa berre auka og auka. I fotostudioet demonstrerte han korleis ein fotograf arbeider, og gav tips og råd om motiv og teknikkar.

– Som fotograf må kunne litt om anatomi og det å kunne lese menneska. Ein må sjå kva vinkel som er best, og bruke lys og skugge til å framheve det ein likar best. Så er det slik at småting kan øydeleggje eit bilete, men små detaljar kan også gjere biletet mykje betre, sa han. Å kunne sitt fag er også noko Henriksen legg vekt på.

– Ein kan ikkje jukse seg til kvalitet. Ein må vere grundig heile vegen. Leverer ein til dømes dårlege bryllaupsbilete, vil det øydeleggje mykje på ein elles veldig spesiell dag.

– Ver varsam med Facebook

Med unge tenåringar som gjester, gav han også eit viktig råd når det gjeld bruk av foto i sosiale medie.

– Ver veldig varsam med kva de legg ut av bilete på Facebook. Sjølv om ein trur eit bilete er sletta, kan det vere lett å hente det fram att, åtvara han.

Spanande

– Korleis er det å arbeide som fotograf i Ørsta?

– Det er kjempespanande. Når ein er på ein liten plass, får ein ei spesiell kontakt med menneske. Eg er så heldig at eg får arbeide med det eg elskar å halde på med. Men det er ikkje berre å starte opp som fotograf på fulltid og tru ein kan leve av det. Ein er nøydd å ha noko å gå til, og bør gjerne starte i det små, seier Henriksen.