Med ein av landets mest poplære programleiarar som reiseleiar, Arne Hjletnes,  skal TV2 presentere det beste Noreg har å by på frå helikopter i mai og juni.

I to og ei halv veke skal helikopteret og TV2-teamet flyge land og fjordar rundt. Programmet og flygingane startar 18. maii på Gardermoen, og vert avslutta i Oslo den 5. juni. Då skal tv-teamet ha vore mest rundt heile landet.

Og lokalt kan folk setje av datoen 20. mai. Då vil mykje handle om Ørsta og Hjørundfjorden. Etter fyrst å ha reist rundt Stad, kjem helikopteret til Ørsta - Volda lufthamn, Hovden, der det skal stå ein time. Der etter går turen mot Hjørundfjorden og filming der, før kursen vert sett mot Norangsdalen og Hellesylt.TV2 etterlyser innspel, tips og råd frå publikum om saker dei skal fokusere på når dei ymse reisemåla vert vitja og passerte.

TV2-saka kan du lese her.