Vêret  i formiddagstimane 2. påskedag synte seg frå si beste side og utsikta kunne det heller ikkje klagast på så derfor var dugnadsgjengen i godt humør. Og alle desse karane har delteke på mange dugnadar før, m.a. har dei vore med på å bygd den populære ”Kapteinsløa” som også ligg på Kapteinskvia. Mens ”Kapteinsløa” vart bygd som ei grindaløe, vert huset over grillen bygd  i same stilen, men likevel i ein forenkla variant.

Kapteinskvia på Sæbø ligg ved badestranda  i Sandvika der vegen ut til Sæbøneset tek til.  Og spesielt etter at grindaløda kom på plass, har området vorte eit svært populært både for tilreisande og fastbuande.  Sagafjord hotell brukar også området ved ulike høve.  Og no vert altså bygget over grillen ferdig.  Dermed treng ingen verte våte sjølv om grillsesongane framover skulle bli aldri så våte. Og Øyvind Taklo er framleis sikker:

- Sæbø er ei perle på Sunnmøre.

Den populære ”Kapteinløa” bak til venstre, nybygget over grillen til høgre. Foto: Knut Hustad