For Tor Gjerrestad frå Ålesund var det ein flott flytur frå Bondalseidet via Sæbø og til Festøya 1. påskedag. Under flyturen knipsa hjelmkameraet hans fleire bilete. Dei viser mellom anna kor nært Gjerrestad var då han flaug forbi toppen av Kolåstinden og helste på dei som sat og naut utsikta.

Gode flygeforhold

Mange har truleg lagt merke til stor aktivitet blantparagliderane i Ørsta denne påska. Sjølv oppsummerer dei påska som eidraumepåske.

- Då godvêret kom så vart det også gode forhold. Spesielt langfredag og 1. ååskedag,seier Robert Haugen i Volda/Ørsta Himmelseglarlag.

Møre-Nytt traff rundt femten paragliderar påsamlingsplassen ved Ørsta skisenter 2. påskedag. Dei ventapå at vinden skulle ta seg opp slik at dei kunne ta av.

- Fredagog søndag så har det vore minst femti turar til saman. Herifrå kan vi flyge tilmellom anna Sæbø og Ørsta. 1. påskedag fekk vi helse på skituristar då vi flaug overKolåstinden og Snøhornet. Det er ikkje kvar dag at det skjer.

Mange av paragliderane som var samla 2. påskedag høyrer til Volda/Ørsta Himmelseglarlag, men det var også besøkande fråÅlesund, Ulsteinvik og Nordfjord.

- I påskai fjor var vi lufta nesten kvar dag. I år har det vore omtrent som ifjor. Det har vore ei draumepåske, seier Leif Gunnar Brandal.

- Vert detfleire flyturar i tida framover med dei gode vêrmeldingane?

- Arbeidslivetkallar, men det har vore fint no med desse fridagane. Det er veldigkjekt at stolheisen har gått opp til Eitrefjell. Det er tungt å gå og kome seghit når heisa ikkje går, seier Haugen.

Fantastisk utsikt frå oven. Foto: Tor Gjerresdal