Mengdadagsverk som har gått tapt på grunn av sjukemeldingar har gått ned med drygefire prosent i Noreg det siste året.

Statistisk sentralbyrå kunne nyleg presenteresjukefråværet i fjerde kvartal 2013, for alle arbeidstakarar i Noreg. Vi har settnærmare på legemeldt fråvær, der tala er brotne ned på kommunenivå.

Forskjellane

I heile Noreg var dette fråværet på 5,4 prosent. Det betyr rettog slett at 5,4 prosent av avtalte dagsverk gjekk tapt på grunn avsjukemeldingar av ulikt slag. I Møre ogRomsdal er dette fråværet og på 5,4 prosent. I Ørsta er det på 5,8 prosent.Vi kan derfor slå fast at det er nokon fleire som harvore sjukemeld her lokalt, enn det som har vore gjengs i resten av landet.

Frå topp til botn

Det er særs store forskjellar i sjukefråværet iKommune-Noreg. Vi har alt frå skyhøge 9,1 prosent i Ballangen kommune iNordland, til Bykle i Vest-Agder, som kan skilte med landets beste tal - derberre 2,9 prosent av dagsverka gjekk tapt på grunn av sjukemeldingar.

I Møre og Romsdal er det Stranda kommune som kjem best ut -med eit legemeldt fråvær på 4,1 prosent. Her er det Nesset kommune som må tole åligge nedst i haugen, med eit fråvær på 7,1 prosent. Med Bykle på fyrsteplass, så finn vi Ørsta kommune littunder midten på 250. plass på landsoversikta over dei 428 kommunane. Det var totalt 14.225 dagsverk som gjekk fløyten i Ørsta pågrunn av sjukemeldingar i perioden oktober-desember 2013.

I tillegg til legemeld fråvær,kjem eigenmeldtfråvær. Desse tala finst ikkje på kommunenivå. Dei er ikkje på langt nær så omfattande som legemeldtfråvær heller.

Fråvær i Volda kommune

Fråværsprosenten i Volda kommune var i fjerde kvartal ifjor på 5,6 prosent. Då snakkar vi sjølvsagt framleis om legemeldt fråvær.Dette er såleis eit litt svakt resultat, samanliknamed det norske fråværet på 5,4 prosent. Pålandsoversikta er Volda nummer 227 blant kommunane med best resultat. I løpet av fjerde kvartal var det totalt 11.291 dagsverksom måtte avlysast i Volda grunna sjukmeldingar.

Utviklinga siste år

Dette er altså ståa per utgangen av 2013. Vi har ogsåsett på utviklinga frå same kvartal året før, og finn at det har vore einnedgang i mengda fråværsdagar Noreg på 4,1 prosent. Dette er korrigert for mengda avtalte dagar. I Ørsta kommune har fråværet på si side gått ned heile17,7 prosent  i løpet av desse tolvmånadene. Det må seiast å vere ein meget god utvikling.

Situasjonen i Volda tilseier derimot at det legemeldefråværet har gått opp med nesten ti prosent i perioden. Det er ein av deisvakaste utviklingane i heile fylket.

Alle fylker, bortsett frå Finnmark (auke på 0,4 prosent),har nedgang i fråværet. Størst nedgang har Hedmark, med heile 11,6 prosent. I Møre og Romsdal har fråværet gått ned med tre prosent,fortel SSB-tala.