I grunnlaget til planen er det gjeve at det ut frå ei rein arealvurdering, truleg er tilstrekkeleg næringsareal i lang tid framover.

– Likevel er om lag heile dette arealet lokalisert i Melsgjerda. Det er difor eit behov for eit meir differensiert tomtetilbod, mellom anna for sjønært areal og areal lokalisert nærmare til viktige samferdselsakser, heiter det i planutkastet.

Det er lagt inn 214 daa til næringsføremål i planen. Arealet i Rystene (langs Industrivegen), Sjørmyrane og Skorgeura er sjønære.

– Ein ønskjer ikkje å leggje til rette for industri langs sjøen i andre delar av Ørstafjorden no. I tillegg er det sett av areal ved eksisterande næringsområde ved flyplassen, og eit mindre areal for utviding av parkeringsplassen ved kontorlokala på Strømpeneset, heiter det i planen.

Under arbeidet med reguleringsplanen for Hovden næringsområde, måtte den delen som skulle romme industriføremål takast ut frå planen grunna motsegn frå Fylkesmannen.

– Det er svært viktig kunne gje eit tilbod om slike føremål i dette svært sentrale området for næringsverksemd. Dei overordna prinsippa og prioriteringane som er lagt til grunn for arealbruken i kommunedelplanen, styrkjer også vurderinga av at dette vil ver ei rett samfunnsmessig avveging, heiter det vidare.

Området er difor innarbeidd i planframlegget.

Det vert også peika på Rystelandet, og vist til at det innanfor gjeldande reguleringsplan er eit visst potensial for vidare utbygging – og eventuelt flytting av verksemder som ikkje er avhengig av sjønære areal. Dette kan truleg gje rom for noko ny næringsverksemd.

Området nord for flyplassen, mellom E39 og Indrehovdevegen, har tidlegare vorte peika på som næringsareal.

– Høgderestriksjonane knytt til flyplassen gjer at det ikkje er praktisk mogleg å leggje inn dette som utbyggingsområde no. Ved eventuelle justeringar av høgderestriksjonskrava, vil arealet vere aktuelt som næringsområde i framtida, heiter det i planutkastet.