I fjor var første gangen det vart invitert til påskefrukost i Vartdal kyrkje. Det var litt delte meiningar i soknerådet og gudstenesteutvalet, men til slutt valte dei og arrangere påskefrukosten. Langborda i Vartdal kyrkje vart fylte i fjor, og også i år var det fullt av blinde ansikt rundt langborda. Det var rundt førti personar som tok turen til påskefrukosten i fjor, og det omtrent like mange i år.

– Vi hadde ein ide og lysta til å samlast på ein festsøndag. Dette er den største i kyrkjeåret saman med jul. Her kan unge og vaksne samlast i fellesskap. I staden for å ha kyrkjekaffi etter gudstenesta så kan vi påskefrukost i forkant, seier sokneprest Arne Moltubakk.

Tradisjon

Det å ha gudsteneste i Vartdal kyrkje 1. påskedag har vore ein tradisjon i mange år. Soknepresten har von om at påskefrukosten også kan verte ein tradisjon.

– Vi får sjå og så må vi evaluere i etterkant. Det er kjekt om det vert ein tradisjon. Viss folk vil ha det så vert det også påskefrukostar i kyrkja her i framtida, seier Moltubakk.

Etter velkomsttalen og song for maten vart frukosten innteken av dei frammøtte. Sola lyste opp kyrkja og det var ein god tone rundt langbordet. For dei yngste var det også stelt i stand påskeeggjakt rundt kyrkja. Dei ti borna som var samla til påskefrukosten fekk gå to rundar og enda opp med to påskeegg kvar. Det tjuande og siste egget viste seg å vere vanskeleg å finne, men det dukka opp til slutt.