Dette skjer i samband med eit skiltplanvedtak for området. Vedtaket vert no sendt til Statens vegvesen for endeleg godkjenning.

Bakgrunnen for vedtaket er trafikktryggleik. Vallageila har funksjon som smaleveg frå Vallabøen og ut til fv. 655 ved Ørsta rådhus.

– Vegen har ikkje dei kvalitetane som dagens standard legg opp til. Vegen har mellom anna ikkje fortau for å sikre dei mjuke trafikantane. Framtidig mål må vere at vegen vert oppgradert tilnærma krava til standard på slike vegar, heiter det i saksutgreiinga.

Alternative samlevegar er Mosmarkvegen og Garvargata, men desse er ikkje dimensjonerte til å ta all trafikk frå Vallabøen.

Difor har eit forslag om ny skiltplan, der hovudessensen er soneskilting med 30 km/t fartsgrense vore ute til høyring. Bebuarane i området har vore positive.

Tilknytingsvegar som vert omfatta av sonevedtaket er Heggjadalen, Haugevegen, Haugegjerdet, Støylevegen, Engesetvegen og Gamlevegen.