Langfredag arrangerte Sandsøya IL Sjutoppsturen for tiande gong. Arrangørane var maksimalt heldige med vêret, bortsett frå at regnet dagane før hadde gjort delar av løypa blaut og gjørmete. Men fjelløp er ein utandørsidrett, så slikt må ein rekne med. Det fine vêret lokka i alt 350 mosjonistar og konkurranseløparar til turen. Fleire kom frå Ørsta og Volda.

Sjutoppsturen går opp og ned over sju toppar med ein samla høgdeskilnad på om lag 1000 meter over ein distanse på 15 km. Den blaute og sugande løypa såg ikkje ut til å hemme løparane, for det vart ny løyperekord i både dame og herreklassa. I dameklassa var det Åse Iren Sætre frå Ørsta IL som vann med tida 2:06:55. Trine Pilskog frå Hareid vart nr.2 med tida 2:10:15 og Dina Mølmen frå IF Birkebeineren nr.3 med tida 2:22:22.

I herreklassa var det Eirik Voksøy Bringsvor frå arrangørklubben Sandsøy IL som drog det lengste strået med tida 1:35:30 framføre Arve Ringdal frå Eid IL, 1:36:38. Nr.3 vart Arve Haugland frå Follestaddalen IL med tida 1:45:21.