Som vanleg var dei som prioriterte sjølve skikøyringa tidlegast ute og dei fekk ei svært flott nedrensle rett nord for austegga til Kolåstinden.  Dette området vert også lite påverka av sola og sjølv om vinden var sterk berre få timar før var føreforholda overraskande gode.  Andre igjen prioriterte sola og venta eit par timar med å ta laust på turen oppover Kvanndalen mot Appelsinhaugen og vidare mot Stretet og toppen.

Likevel såg det ut som om dei fleste hadde sjølve turen som mål og ikkje nødvendigvis toppen.  Fleire gjekk svært lettkledde oppover og tok etter kvart hovudstoppen før toppstøyten i ”solveggen” ved pinaklane på høgresida/nordsida av breen.  Ein vennegjeng frå fleire kommunar på Sunnmøre, men med utgangspunkt i studentmiljøet i Sogndal, meinte at dei ikkje kunne finne ein likare stad å vere enn ved Kolåstinden langfredagen.

Det kan det nemnast at rett nord for Stretet var det eit punkt i den sidebratte skråninga som gjorde at fleire tok av skia akkurat her.  Heilt til slutt kan det nemnast at det er lite snø lengst nede slik at forholda treng ikkje vere så fine ein dag sjølv om snøforholda var fine dagen før.

Men langfredag synte Kolåstinden seg altså frå si beste side.

Utsyn mot Sætretindane. Som vi kanskje ser er det mange som er på veg mot Appelsinhaugen (ned til venstre) og Kolåstinden.