– Vi har fasta vakter på Bondalseidet, og der var det ei skade langfredag. Vi vart og kalla ut på eit skred, men elles har det vore ei stille og fredeleg påske, seier operativ leiar Kristin Riise.

Med gode vêrmeldingar for dei siste påskedagane er oppmoding å bruke sunn fornuft på tur og smørje seg godt i solsteiken.

– Bruk sunn fornuft. Dei som ferdast opp i fjellet må sjå på forholda, grave litt i snøen og ha med seg riktig utstyr som spade og søkestong. Det kan framleis gå store skred, og ein må gjere vurderingar undervegs. Sjå på forholda der du er. Skredvarsla er berre ein peikepinn, og ein må vurdere sjølve. Alle fjellsidene er heller ikkje like.

Med vårstemning i låglandet er også båtsesongen rett rundt hjørnet, og beredskapen på sjøen er på plass.

– Vi har lagt ut båten vår slik at den er i beredskap med tanke på auka aktivitet på sjøen, seier Riise.