– Vi hadde godt besøk langfredag. Det var godt med folk bak i Nottane som sat i alle rekkjene med snøholer, og det var mykje aktivitet bort i bakken. Vi fekk folk opp med stolheisen, og mange nytta høvet til å ta seg ein tur på langrennsski. Det er trakka fine spor bort mot Eitrefjell og Trollkoppen. Det var berre blide og nøgde folk å sjå, og det var skikkeleg påskestemning, seier dagleg leiar Frank Harald Velle ved Ørsta skisenter.

Ifølgje rykta var det rundt hundre personar som tok turen opp på Veirahaldet langfredag, og det var også mange paraglidarar som nytta den fine påskedagen.

– Dei hadde god teknikk og kom seg godt opp i lufta. Så her var aktivitet både i bakken, langrennsløypene og i lufta.

Vêrmeldinga for påskeaftan er litt gråare, men sola kan bryte gjennom skylaget utover dagen. Meldingane for 1.- og 2. påskedag er svært gode.

– Det skal verte finvêr, men vi reknar med at folk også tek turen i dag. Med finvêr no i slutten av påska får vi ei skikkeleg avslutning både på påska og sesongen.

Ørsta Røde Kors Hjelpekorps er på plass med skipatrulje, og har både pulk og skuter. Om nokon skulle vere uheldig og skade seg så kan stolheisen verte nytta til å frakte den skadde ned att.