Rådmannen i Ørsta rådde opphavleg til at Ørsta kommune kjøpte ein ny hovudbrannbil til brannvesenet. Han skulle vere på plass i 2015.

Samla kostnad for kommunen er rekna ut til å vere 4,2 millionar kroner, og meininga var at betalinga skulle skje i 2015, og at dette vert budsjettert.

Men ordførar Rune Hovde likte dårleg at saka vart fremja av rådmannen, og etter ein runde, vart det bestemt at saka vart trekt. Meininga er at ho skal kome opp att i samband med handsaminga av økonomiplanen i juni.

Grunnen til at ordføraren ikkje likte saka, var at ho nettopp ikkje var sett i ein heilskap saman med andre investeringane.

Bodrunde

I gjeldande økonomiplanen til kommunen er det sett av kjøp til ny hovudbrannbil i perioden, det vil seie til og med 2015. Difor vart det i fjor gjennomført ein tilbodsrunde. Det var to leverandørar som leverte tilbod innan fristen. Vedståingsfristen er av begge blitt forlenga til 21. april i år.

– Prisen er som forventa med ein totalkostnad på om lag 4,2 millionar kroner, inkludert avgifter. Leveringstida er oppgitt til mellom 8–12 månader, orienterte rådmannen om då ho la fram saka for formannskapet.

Etter at saka vart trekt, vender no brannsjef Einar Ytre-Hauge seg til dei som hadde levert inn bod.

Ikkje prioritert

– Ørsta kommune har ikkje prioritert å fullfinansiere dette kjøpet, og det medfører at tilbodskonkurransen må avlysast, skriv Ytre-Hauge.

I saksutgreiinga insisterte rådmannen på at det var naudsynt med investeringar i brannvernet.

– Gamle bilar og pumper er i større grad utsett for havari og driftsstans. Kostnadene med vedlikehald av eksisterande bilar og utstyr er aukande. Det er også ein tankekross at utrykkingseininga skal ha det eldste materiellet. Dette kan i verste fall gå utover tryggleiken både til mannskapa og innbyggjarane, kommenterte rådmannen då.