I kring tjue år har skattejakta på Sæbø vore eit stort trekkplaster og starten på sommarsesongen i bygda. Uansett vêr og føre, har fleire hundre personar kome til bygda for å trimme både hjerneceller og bein.

I år kunne ein ikkje vore heldigare med vêret, då det etter ein dag med pøsregn vart knallblå himmel og sol – akkurat i tide til skattejakta. Dermed vart det ein fin spasertur rundt i bygda – frå sentrum til Hustadneset, til Rise og vidare utover mot Sæbøneset.

Stamgjester

Med 80 påmelde lag, var arrangørane nøgde. Det er om lag like mange som det brukar å vere.

– Vi har kanskje nådd ein topp på rundt 80 lag no, men vi ser at det er mange som kjem att år etter år. Det er både ørstingar, voldingar og folk frå øyane som kjem hit. For oss i fotballgruppa er dette ei av dei viktigaste inntektskjeldene våre, seier Alexander Riise Olsen i Sæbø IL.

For mange ligg det mykje prestisje i å kome høgt på pallen, medan andre deltek mest for mosjonen sin del.

– Eg veit det er fleire som sit og les seg opp og spissar kunnskapen før skattejakta. på ein del familielag er det hard kamp om kven som gjer det best. Det vert nok diskutert på middagen seinare på dag kven som hadde rett og feil, seier Olsen.

Lite juks

Spørsmåla passar både for born og for vaksne – og det er slett ingen ulempe å ha med dei minste på laget.

– Det skal løne seg å ha med born. Ein del spørsmål er vanskeleg å kunne om ein ikkje har med seg ungane, seier Olsen.

– Vert det mykje juks no når alle har smarttelefonar?

– Generelt har det vore lite juks. Vi prøver å vere strenge på det, men vi lagar ikkje noko styr ute på posten. Vaktene følgjer med, og noterer om nokon brukar mobil. Om det gjentek seg, vert dei diska.

Påsketradisjon

Ute i løypa var det langfredag god stemning. I nydeleg vårvêr var det lite å klage på for deltakarane. For mange er deltaking i skattejakta like sjølvsagt som at påska kjem kvart år.

– Eg har vore her sidan første gongen. Vi kombinerer det med familiebesøk. Skattejakta er artig, og har vorte ein fast påsketradisjon, seier Ann Karin Hauge, som deltok saman med slekta.

– Skattejakta er ei god inntektskjelde for idrettslaget, i tillegg til at det skaper liv og røre, og er sosialt i bygda. No i påska livnar det til i båthamna og på hotellet, seier ho.

– Må ha med barneborna

Likeins var det med Peder Moe, Helge Vatne, Jenny Godø Vatne, Jorunn Hauge og Per Moe.

– Vi er trufaste deltakarar kvart år. Det har vorte ein tradisjon for oss å delta, og finne ut kor mykje vi veit og ikkje veit. Dei er flinke å lage spørsmål. Og så er det vanskeleg når vi ikkje har med barneborna. Å delta utan born, er eit stort handikap, sa Helge Vatne.

Åtte postar

Skattejakta på Sæbø vert arrangert både langfredag og 1. påskedag. Konkurransen går ut på å svare på spørsmål på åtte postar langs løypa, og ha flest mogleg rette svar. Spørsmåla har ry på seg for å vere utfordrande og varierte, og har noko for både vaksne og born. Det kan vere maksimalt seks deltakarar på kvart lag.

Henrik Mo og Jon Martin Mo var vaktar under skattejakta.
Åtti lag var påmelde langfredag. Her grublar fleire av dei over løysinga på spørsmåla ute ved Hustadneset.