Etter gudstenesta skjærtorsdag, lukta det godt av brennsnut frå andre sida av vegen på Sæbø. I kjellaren på bedehuset hadde mangeårige kokk på Hjørundfjordheimen, Jostein Koppen, kokt opp store mengder brennsnut. Ideen om påskebrennsnut på bedehuset kom for tre år sidan, då styret kom på at det kunne vere eit kjekt tiltak som også kunne gje pengar til kassa.

Torsdag var mange innom bedehuset for å få seg ein porsjon brennsnut og kake.

– Det er kjekt å sjå at det kjem ein del ørstingar også, ikkje berre folk frå Sæbø, sa Ingvild Åmbakk, medan ho ausa opp skål etter skål.

– Vonleg vert dette ein tradisjon, og det går nok nokre år å innarbeide det, sa ho.

Inntekta frå brennsnutsalet skal mellom anna gå til å skifte vindauga i bedehuset til våren. Dei som står i no er frå 1932.

Per og Astrid Bjerkhagen var to av dei som hadde teke turen torsdag.

– Vi håper dette vert ein tradisjon. Den einaste påsketuren i år går til Sæbø. Brensnuten var god, og blautkaka enno betre. Og så er det sosialt, sa dei.