Skjærtorsdag var det ei stor og nokså spesiell bursdagsfeiring på Sagafjord Hotell på Sæbø. Dei to svigerinnene Anna Sørlie og Anna Wille feira då at dei begge har fylt hundre år.

Anna Wille kjem opphavleg frå Ørsta, og gifta seg i si tid med Odd Wille, bror til Anna Sørlie. Sidan har Anna og Anna vore gode venninner og svigerinner – eit venskap som no har vart i meir enn åtti år.

Begge vart fødde i 1914. Sørlie 11. februar, Ville 17. april. Skjærtorsdag nytta dei difor høvet til å slå saman begge bursdagsfeiringane og ha eit felles selskap på Sæbø. 36 slektningar var då samla til bords, før det seinare på dagen var «ope hus» og mange på besøk på kaffiselskapet.

Besøk

Medan Wille har budd på Sæbø det meste av sitt liv, har Sørlie budd i Skogn. Men avstanden har ikkje hindra dei i å halde tett kontakt.

Kvar veke har dei ringt kvarandre, og det har vorte mange besøk opp gjennom åra. Nesten kvar sommar har Sørlie teke turen til Sæbø, men dei siste åra har det vorte lenger mellom besøka. Likevel vart det besøk både i fjor og i år for å sjå kvarandre og prate om gamle og nye dagar.

Wille seier bursdagsfeiringa skjærtorsdag var ei fin oppleving.

– Eg har det godt. Eg har fått så mykje besøk. Det har gått ut og inn dørene frå i dag tidleg, sa ho då Møre-Nytt besøkte dei to jubilantane.

Venninner i åtti år

Sidan dei møttest som unge damer, har dei framleis eit like godt forhold.

– Vi har vore venninner i åtti år. Vi har alltid hatt det kjekt saman, og det har aldri vore noko styr, seier Wille.

I samband med bursdagen, har dei to begge fått telegram frå Kongen, slik tradisjonen er for hundreåringar i Noreg.