Då fire personar vart meldt sakna etter ein skitur ved fjellet Litlskjorta i Sunndal måndag ettermiddag, vart det sett i gang ein stor leiteaksjon.

Tysdag vart det plukka opp signal frå to sendarar frå rasområdet. Tidleg onsdag morgon vart det vurdert som trygt å sende bakkemannskap inn i raset. To personar frå Volda/Ørsta Røde Kors si skredgruppe vart kalla ut for å ta del i søket saman med Romsdal alpine redningsgruppe. Til saman var ti personar inne og leita i sjølve rasområdet.

Onsdag vart tre personar funne med sendarar på seg. Den fjerde sendaren låg i ein sekk, så det gjekk litt lenger tid før personen vart lokalisert.

Jan Peder Hoggen, leiar i Volda/Ørsta Røde Kors skredgruppe, seier ein måtte ta omsyn til skredfaren før ein kunne sende inn bakkemannskap.

– Leiteområdet var i bratt terreng, men det var heilt greitt å vere der og arbeide. Det vart lagt ein plan tysdag, som vart følgt til punkt og prikke onsdag. Ein såg at det var eit tidsvindauge då snøen var så stabil at vi kunne gå inn i området. Det ein er redd for er at det vert veldig mildt, så ting byrjar skje i snødekket, seier Hoggen.

Han oppmodar folk om å hugse utstyr for å berge folk ut av skred når ein går på tur i påskefjellet.

– Skal ein gå toppturar, bør ein ha med sendar/mottakar. I tillegg bør ein ha spade og søkestong. Om kompisen vert teken av skred, må ein ha utstyr til å lokalisere han. Først med sendar/mottakar, så meir nøyaktig med søkestong. Så er ein nøydd å ha noko å grave han fram med. At kameratane er godt utstyrt, er viktig, seier Hoggen.