Allereie kvelden før og i morgontimane lydde vêrvarslinga på enno litt nedbør i fjellet, men litt ut på dagen skulle det lette opp og til og med verte litt sol.  Det skulle vise seg å ikkje stemme heilt, i alle fall ikkje i Hjørundfjorden.  Tyskarane gjorde nok rett som var tidleg ute, dei fekk utan tvil dei beste forholda.  Seinare kom det meir skodde, sikta vart svært dårleg rundt dei høgste toppane og  under skodda var det blindeføre.  Ja, rundt klokka 13 vart sikta så kort at eit par erfarne skikameratar fann ut at det einaste rette var å snu rett under toppen av Skårasalen.  Derifrå såg dei verken vardar, eller kvar fjellet slutta.

Men skifotografen og voldingen Olav Standal Tangen og kameratane Håvard Hasund og Rolf-Martin Bjørngaard  var tidlegare ute og nådde tysdag  toppen for første gong utan problem.   Men om dei vil nyte utsikta frå toppen må dei kome tilbake ein annan gong…

Likevel må det strekast under at det var rikeleg med god nysnø sjølv om snøen vart tyngre lenger nede ut på dagen  på grunn av temperaturstigning.  Allereie på Kvistadsetra var det rundt 25 cm nysnø og snømengda auka etter kvart som ein gjekk oppover.  Ver likevel obs. på ryggar, kular og der det er ”knekk” på fjellet.  Her er det nysnø på tidlegare snøfrie steinar og fjell og det nye snølaget er gjerne tynt.  I beste fall kan slike område berre føre til sår i underlaget på skiene, i verste fall kan det føre til bråstopp med personskadar.

Truleg er det også på sin plass å minne om  evt. skredfare i lesidene/austsidene. Rett nok er det vanleg at det går skred her, med ut på dagen i går gjekk ein del av Storefonna frå Årsethornet i Kvistaddalen.  Ho er austvend og ligg dermed i ei leside.