Fefastdelegasjonen med styreleiar Paul Kristian Hovden og styremedlem Odd-Magne Vinjevoll var til stades på møtet i Ålesund måndag. Dei var sjølvsagt skuffa over beskjeden om at Fefast ikkje vart valt som stamvegtrasé.

– Regjeringa har levert ei argumentrekkje som ikkje held mål, sa han.

Hovden to reagerer spesielt sterkt på at regjeringa har valt eit samband der teknologien ikkje er oppfunnen. Difor går han så langt som å karakterisere valet som eit vegpolitisk overgrep, og ikkje eit fagleg vurdert vegval.

Odd-Magne Vinjevoll var skuffa, men ikkje overraska over valet.

– Eg meiner dette låg i korta utfrå korleis den politiske stemninga i Møre og Romdal har vore. Eg er skuffa, men er samstundes glad for at regjeringa vil oppgradere sambandet Festøya - Solavågen, sa han.

Vegvalet i Sogn og Fjordane og Nordfjord var ikkje tema på møtet.