Det var på førehand knytt stor spaning til kva for eit val regjeringa skulle lande på. I 19-tida kom det endelege svaret på spørsmålet: – Regjeringa vel Hafast. Avgjerda er endeleg, sa parlamentarisk leiar i Frp, Harald Tom Nesvik då han saman med Helge Orten (H) måndag.

– For regjeringa har det vore viktig å kome til denne slutnaden, sa Nesvik.

– Arbeidet vert no å setje i gang.

Orten understreka at det hastar med ei utbygging, for ferjekapasiteten er sprengt på alle sambanda i dag.

Slutnaden vart teke av regjeringa i førre veke.

Grunngjevinga for valet av Hafast er at regjeringa meiner det gir dei beste samfunnsøkonomiske konsekvensane.

Det vil uansett ta tid før sambandet vert realisert, for Helge Orten stadfesta at teknologien som skal gje ei bru over Breisundet, ikkje er oppfunnen enno. Fram til det vert realisert, vil ferjesambandet Festøy - Solavågen verte oppgradert.

Ørstafjordkryssinga er framleis med i vurderingane.

Odd-Magne Vinjevoll og Paul Kristian Hovden frå Fefast-styret var spent før offentleggjeringa av trasevalet måndag. Foto: Rune Sæbønes
Mafossjef Terje Høybakk og Kleven-sjef Ståle Rasmussen. Foto: Rune Sæbønes