Til dagleg er Stine Marie Løvoll senterleiar ved Aktiv trening i Ørsta. I nokre år har ho leikt med tanken om å spesifisere treninga si inn mot greina Athletic fitness.

– I september i fjor bestemte eg meg for at eg ikkje gje slepp på draumen. Det måtte verte no eller aldri. Eg har trena allsidig styrke, og tidvis spesifikt på øvingane før eg bestemte for å prøve. Eg kan seie med tryggleik at eg hadde angra viss eg ikkje gjorde det, seier Løvoll.

Oslo Grand Prix i helga samla Noregs beste fitnessutøvarar, og mange utøvarar frå Sverige. Dette er den nest største konkurransen etter NM i Noreg. Løvoll deltok i Athletic fitness i klassa +165cm. Det var totalt tolv deltakarar i klassa, og konkurransen starta med ei elimineringsrunde.

– Der var vi gjennom ei symetrirunde der dei beste gjekk vidare til å gjere styrkeelement. Innan eitt og eit halvt minutt skal vi gjere flest mogleg chins før ein ror så langt som ein kan innan same tidsfrist. Så er det 30 sekund pause før ein avsluttar med å ta flest muleg dips. I finalen er det rein symetrirunde.

– Vart heilt sjokkert

Løvoll tok seg til finalen. Ho var nøgd då ho var sikra tredjeplass og pallplass i ei tøff konkurranse.

– Når eg var sikra andreplassen tenkte eg at det vart andreplass. Den svenske jenta eg stod att med var flott og hadde gjort det knallgodt på styrkeelementa. Eg vart heilt sjokkert når det vart førsteplass, og følelsen var heilt ubeskriveleg. Alle draumar om å stå på toppen av pallen, men eg forventa det absolutt ikkje.

På Sunnmøre er ikkje det ikkje noko fitnessmiljø ifølgje Løvoll. Ho kjenner til to andre i Ulsteinvik og ei i Ålesund, men ikkje alle av dei deltek i konkurransar.

– Å seie at her er noko miljø vil vere ei sterk overdriving. Eg trenar på eiga hand og legg opp treninga mi sjølv.

Det å gå heilt til topps i Oslo Grand Prix har gjeve Løvoll ekstra motivasjon og inspirasjon.

– Treninga kjem eg aldri til å slutte med. Heile tida har eg sagt at uansett resultat i denne konkurranse så vil eg halde fram. Det er ekstra kjekt og motiverande å sjå at treninga har fungert og at eg er på rett spor. Eg veit at eg kan gjere det bra igjen, og eg føler definitivt at eg har større potensial.