Det manglar to millionar kroner. Dette kom fram på siste møte i levekårsutvalet.

Ørsta kommune skal byggje og drifte bustadene. Det skal byggjast seks leilegheiter og to avlastningsleilegheiter med fellesareal og carportar.  No er det svært usikkert kva tid bygginga kan kome i gang.

– Mange unge ventar på desse bustadene, fortalde seksjonsleiar Kristin Vik på møtet.

Uroa

Tove Halse Digernes (Sp) var uroa over om eit vedtak om å prioritere nye omsorgsbustader ville få konsekvensar for bygginga av bustadene for unge vaksne.

– Ein kan kome i ein situasjson der ein må prioritere mellom desse to prosjekta, åtvara Digernes.