Laurdag gifta Randi Vatne og Øystein Krøvel seg. Utanfor kyrkja venta ein strigla Opel Kadett frå 1970.

- Eg synest å huske at det var betre plass i baksetet, seier ho etter å ha funne plass til både seg sjølv og brudekjolen, saman med sin nye ektemake. Dei sit trongt, men godt.

Då ho vaks opp var dei fire barn i baksetet på bilen.

- Men lukta er den same, slår ho fast.

Bilen høyrde i si tid til far hennar, Alf Vatne.

Vrak

I dag er bilen i Roar Eiken sin eige. Han kjøpte bilen frå Alf Vatne i 1989/1990.

- Han annonserte den for sal i avisa ein laurdag hugsar eg, og eg var strake vegen opp for å sikre meg den. Den var eit vrak. Det var hol i dørken og dørene datt av, ler han.

Alf Vatne hugsar godt tilstanden.

Då han og kona var på handletur på Asko (no Kiwi Vallabøen), datt passasjerdøra av, så kona måtte site og halde den fast heile vegen heim.

Det var kanskje då han skjønte at det var på tide med ein ny bil.

- Eg kjøpte den i 1970 for å få sjans, flirer han.

- Det var ein svær bil på den tida, men den hadde berre 40 hestar, så eg laga til fartsstriper på den, fortel Vatne, og viser til dei svarte stripene rundt bilen.

Roar Eiken har vidareført den tradisjonen.

- Dei er jo ikkje med originalt, men eg følte noko mangla. Så eg hadde dei på eg også.

Bilen er ein Opel Kadett Coupé L. Ny kosta bilen 24.000 kroner. Roar Eiken brukte 100.000 kroner og 3-4 år på å restaurere den.

Og som bryllaupsbil fungerte den heilt som den skulle.

Alf Vatne (t.v.) har mange gode historier og minner om sin gamle Opel Kadett. I dag er den i Roar Eikensin eige. Foto: Janne-Marit M. Falch
Alf Vatne hugsar godt då passasjerdøra datt av, og er litt skeptisk til kor hardt han kan smelle den att. Foto: Janne-Marit M. Falch
Klar for brudeparet som er på veg frå Ørsta kyrkje. Foto: Janne-Marit M. Falch
Nystrigla og klar til å ta i mot brudeparet. Foto: Janne-Marit M. Falch