Saka om ny brannbil til over fire millionar kroner vart trekt frå sakskartet til formannskapet tysdag. Saka vil kome opp att i samband med kommunestyret si handsaming av økonomiplanen i juni. Då vil heile brannberedskapen vere tema, og sett i samanheng med kommunen sin økonomiske handlefridom.

Treng ny brannbil

I saka som vart trekt rådde rådmannen til at kommunen skulle kjøpe inn ein ny hovudbrannbil til brannvesenet som skulle vere på plass i 2015. Samla kostnad for kommunen er rekna ut til å vere 4,2 millionar kroner.Ho peikar på at hovudbrannbilen til Ørsta brann og redning er 20 år, og at utskifting av denne bør vere førsteprioritet.– 20 år er også avskrivingstida for brannbilar. Det er denne bilen som rykkjer først ut og er med på flest utrykkingar og øvingar. Gamle bilar og pumper er i større grad utsett for havari og driftsstans. Kostnadene med vedlikehald av eksisterande bilar og utstyr er aukande. Det er også ein tankekross at utrykkingseininga skal ha det eldste materiellet. Dette kan i verste fall gå utover tryggleiken både til mannskapa og innbyggjarane, kommenterer rådmannen.