Rådmannen rår til at Ørsta kommune kjøper ein ny hovudbrannbil til brannvesenet. Han skal vere på plass i 2015.

Samla kostnad for kommunen er rekna ut til å vere 4,2 millionar kroner, og meininga er at betalinga skal skje i 2015, og at dette vert budsjettert.

Det vil verte gjort med at avsette midlar for 2014 på ein million kroner til brannutstyr vert overført til 2015, og vidare at det resterande finansieringsbehovet på 2,36 millionar kroner eksklusiv avgifter vert ført opp i investeringsbudsjett for 2015.

I økonomiplanen til kommunen er det sett av kjøp til ny hovudbrannbil i perioden, det vil seie til og med 2015. Difor vart det i fjor gjennomført ein tilbodsrunde. Det var to leverandørar som leverte tilbod innan fristen. Vedståingsfristen er av begge blitt forlenga til 21. april i år.

– Prisen er som forventa med ein totalkostnad på om lag 4,2 millionar kroner, inkludert avgifter. Leveringstida er oppgitt til mellom 8–12 månader, orienterer rådmannen om i saksutgreiinga til formannskapet.

Ho peikar på at hovudbrannbilen til Ørsta brann og redning er 20 år, og at utskifting av denne er førsteprioritet.

– 20 år er også avskrivingstida for brannbilar. Det er denne bilen som rykkjer først ut og er med på flest utrykkingar og øvingar, forklarar rådmannen.

Ho meiner at ei fornying også er ei god økonomisk sak, for alder og standard på beredskapsmateriellet for brann og redning i Ørsta er i ferd med å verte ei belastning for driftsbudsjettet.

– Gamle bilar og pumper er i større grad utsett for havari og driftsstans. Kostnadene med vedlikehald av eksisterande bilar og utstyr er aukande. Det er også ein tankekross at utrykkingseininga skal ha det eldste materiellet. Dette kan i verste fall gå utover tryggleiken både til mannskapa og innbyggjarane, kommenterer rådmannen.

Ho rår formannskapet til å gå inn for innkjøpet av ny brannbil, og viser også til at dette er føresett med tidlegare innsparingar.

– I driftsbudsjettet for brann og redning for 2013 vart det gjennomført nedskjeringar. Mannskapsstyrken vart redusert, og det vart frå eininga føresett at det blir gjennomført fornying av utstyr/stasjonar og auka kompetanse.