Driftsresultatet auka frå 29 millionar kroner i 2012 til 42 millionar kroner i 2013. Resultatet før skatt auka frå 26 millionar kroner til 50 millionar kroner.

– Styret i selskapet er svært nøgde med det gode resultatet som ligg i overkant av den langsiktige målsetjinga på 5-8 prosent resultatmargin. Det gode resultatet skuldast i stor grad at selskapet har hatt god kapasitetsutnytting og mange dyktige tilsette som har ytt stor innsats og pågangsmot, seier adm.dir Per Kristian Langlo i K.A. Aurstad.

På slutten av 2013 vart det skipa eit nytt selskap, Aurstad AS, som er konsernspiss og 100 prosent eigar av selskapa K.A. Aurstad AS og Volda & Ørsta Pukkverk AS.

Samstundes med skipinga av Aurstad AS skjedde det ei profilendring i konsernet ved at det vart innført ny logo, nytt domene og nye nettsider.

Ved inngangen av 2014 hadde K.A. Aurstad AS ein ordrereserve på om lag 900 millionar kroner, og det er venta høg aktivitet også i 2014, opplyser Langlo.

Adm.dir. Per Kristian Langlo i K.A. Aurstad.