Saman med lokalbefolkninga har vi kjempa for Volda sjukehus sidan 2009. I Nordfjord har dei kjempa heile 12 år for lokalsjukehuset sitt.

Dei tilsette har kjempa endå lengre for å behalde eit sterkt og fullverdig lokalsjukehus i Volda og Nordfjord. Mykje tid og ressursar er brukt på å få fram fakta, skape ein reflektert debatt, og dokumentere galskapen som frå leiinga ved vårt lokale helseføretak er forsøkt gjennomført. Oftast diametralt motsett av fagmedisinske råd og nasjonale krav til eit fullverdig lokalsjukehus.

Meir enn ein gong har statsråden måtte sette foten ned og stoppe forsøk på sentralisering av funksjonar frå Volda sjukehus til Ålesund sjukehus. Som nyleg dokumentert er Volda sjukehus det mest effektive sjukehuset i Helse Møre og Romsdal. Det etiske og juridiske perspektivet viser at befolkninga på Søre Sunnmøre og i Nordfjord har rett på like godt tilbod på helse og spesialisthelsetenester som befolkninga elles i landet.

Kampen for lokalsjukehusa skjer ikkje berre lokalt, men også fleire stader nasjonalt.

Er vi i ferd med å bli eit meir kynisk samfunn- der alt skal målast, rasjonaliserast og sentraliserast vekk?

Helsevesenet treng motiverte og bevisste medarbeidarar, ikkje berre nikkedokker som alltid gjer det dei får beskjed om.

Mobbing på arbeidsplassen

Historia viser at leiinga ved Ålesund og styret ikkje gir seg med forsøka på å legge ned Volda sjukehus.

I 2010 var det akuttkirurgien og fødeavdelinga som skulle flyttast til Ålesund. Seinare har det vore fleire forsøk med vikarierande argument som ”robuste fagmiljø”, innsparingar med sentralisering- utan at nokon dokumentasjon er framlagt, anna enn retorikken.

Vi veit godt- at tek ein vekk nøkkelfunksjonane som akuttkirurgien og beredskapen, ja så dett raskt resten av sjukehuset. Dette er Nordfjord sjukehus eit skremmande døme på.

Det siste no er at den faglege leiinga i Helse Møre og Romsdal går ut i media og stiller spørsmål om kompetansen hos kirurgane i Volda er god nok. Slik snakkar ein ned eit sjukehus i eigen organisasjon. Og dette sjølv om fagfolka i Volda av dei fleste andre er rekna som dyktige, erfarne kirurgar med kompetanse lik det ein finn på dei andre sjukehusa, som i Ålesund. Pasientar og fastlegar på Søre Sunnmøre lurer sjølvsagt på kvifor ein ikkje nyttar sjukehuset i Volda til å ta imot akuttinnleggingar i helg som i resten av veka, ettersom kirurgane uansett er på vakt for inneliggande pasientar på sjukehuset. Slik kunne pasientane i helga sleppe ein belastande transport til Ålesund, sjukehuset i Ålesund slepp enda fleire pasientar i eit overfylt system og foretaket ville spare mykje pengar på transport. Men fagdirektør Veddeng i Ålesund har sagt det i klartekst: ”De er ikkje flinke nok …”

Skal vi verkeleg finne oss i at leiinga i Helse Møre og Romsdal snakkar ned faggruppene ved Volda sjukehus? Alle som har nokre år i arbeidslivet veit at dette er hersketeknikkar- brukt for å trykke ned kollegaer og framheve seg sjølv.

Eit ordtak sei: Ein stjel ikkje frå naboen for å få det fint sjølv!

Fagdirektør Veddeng har tydeleg ikkje fått med seg at helseminister Bent Høie i sjukehustalen sin og i nyleg haldne føretaksmøte, understreka at pasienten skal vere i sentrum. Og at systemet skal finne løysingar til beste for pasienten, ikkje omvendt. Veddeng og HMR har ikkje pasienten i sentrum, men sine eigne idear om korleis sjukehusa skal vere organisert.

Difor passar det ikkje i deira hovud at Volda sjukehus blir styrka ved at nordfjordingane søkjer seg til Volda. Det er også ein skandale i forhold til det å sette pasienten i sentrum, at ein ikkje brukar eksisterande vaktressursar på best mogeleg måte til beste for pasienten.

Politisk løysing og Nasjonal helse og sjukehusplan

Seinast fredag 7. februar fekk Landsforeninga for lokalsjukehusa ved Bente Øien Hauge møte helseminister Bent Høie. Han stadfesta at regjeringsplattforma ligg fast og ingen nedleggingar av akutt- eller fødetilbod skal skje, utan at det er grunngitt i kvalitet eller pasientsikkerheit. Det som skal vere høyringar og utgreiingar frå Helse Møre og Romsdal er eit ”skinndemokrati”. Det vi ser er at det allereie konkludert på førehand. Motivet synest klart som allereie nemnt- å svekke Volda sjukehus med ”funksjonsfråstjeling” og så legge ned sjukehuset. Og dette på eit tidspunkt då Volda sjukehus har meir å gjere, betre maskinelt utstyr og meir kompetent personale enn nokon gang.

Pasienttilstrøyminga frå Nordfjord til Volda nektar Eidsvik & Co å ta med i planarbeidet for framtidig organisering.

Dette til trass for at befolkninga, les pasient, kjem til Volda sjukehus grunna nærleiken og fritt sjukehusval. I tillegg ønskjer primærlegane i Nordfjord å nytte Volda sjukehus som lokalsjukehus. I tillegg er det viktig å understreke at retten til å velje det næraste akuttsjukehuset bør vere sentral sjølv om ein må krysse ei føretaksgrense.

Felles sjukehus

Vi utfordrar med dette ordførar Arild Iversen i Volda og Alfred Bjørlo i Eid kommune til å arbeide for eit felles sjukehus for Søre Sunnmøre og Nordfjord!

Gjerne kalla: Volda og Nordfjord sjukehus

Både Iversen og Bjørlo veit at Ålesund og Førde kjempar for styrking av sitt sjukehus, og historia viser at denne kampen aldri tek slutt!

I denne arbeidsgruppa for prosjektet foreslår vi erfarne legar frå Volda og Nordfjord i tillegg til anna fagpersonale frå begge sjukehus.

Vi har tru på eit felles sjukehus for Volda og Nordfjord- der vaktfunksjonen i kirurgi er i Volda, og Eid nyttast til dagkirurgi og poliklinikkar m.m. Slik vil ein kunne utnytte begge bygningskroppane og fagfolka både på Eid og i Volda maksimalt, til beste for pasienten.

Tidsvindauget viser no at dette er ein reell moglegheit, men at ein må arbeide raskt og målretta mot Helse- og omsorgsdepartementet, før utgreiinga om Nasjonal helse- og sjukehusplan blir lansert.

Dette vil vere lokalsjukehus for framtida.