– Eg trur det handlar om at dei ikkje tør. Her vert du skiten på hendene, og så fryktar dei at mykje av arbeidet kan vere for tungt.

Synnøve Yksnøy frå Ørsta er aleine jente på Teknikk og industriell produksjon (TIP) ved Ørsta vidaregåande skule. For henne var det eit sjølvsagt val då ho skulle velje utdanning etter ungdomsskulen, men få jenter vel som ho.

– Det er veldig kjekt, og eg har alltid hatt interesse for dette faget. Og så likar eg å skilje meg litt ut.

Og det gjer ho, i alle fall i form av å vere aleine jente. Ho trur fleire hadde valt det same som henne, om dei visste meir om kva det dreia seg om, og ikkje var redde for å få olje bak neglene.

– Fleire burde prøve

– Eg vaks opp i eit gutemiljø, så det er kanskje meir naturleg for meg. Men eg meiner fleire burde prøve dette, og det er behov for fleire jenter i yrket, meiner Yksnøy.

Ho har funne seg vel til rette på skulen, og har starta å tenke på kva ho skal gå etter å ha fullført første året.

– Eg tenker å gå vidare med VG2 køyretøy eller VG2 arbeidsmaskin.

Kent Riksheim som er verksmeister ved AS Autoservice, og som måndag var på skulen for å dele ut sponsa arbeidskle, er også klar på at jenter kan ha nokre kvalitetar med seg inn i yrket som gutane kan mangle.

– Vi har to kvinnelege lærlingar, og dei gjer ein utmerkt jobb. Og det vi også ser er at det er skikkeleg system i sakene og utstyret, der gutar eller menn, kan vere litt meir i uorden, fortel han litt spøkjefullt.