– Samband både i lokalområdet og ut over Ørsta er viktig. Det er ikkje berre ein gong at samfunnet lokalt har hatt problem på grunn av mangel av samband i krisesituasjonar, seier Helge Vatne i Ørsta Røde Kors.

I hovudkvarteret deira i Strandgata er det installert mange former for naudkommunikasjon. Snart kjem enno ein teknologi på plass.

Samarbeid

I mange år har lokale radioamatørar kommunisert på tvers av kommune-, fylkes- og landegrenser med sine høgfrekvente radioar. I hus med høge antenner på mønet snakkar dei på hobbybasis med likesinna i inn- og utland via radioapparata sine. Denne kompetansen skal no Røde Kors dra nytte av.

I beit for klubblokale, har dei lokale radioamatørane i Søre Sunnmøregruppa av NRRL (Norsk Radio Relæ Liga) fått avtale om å bruke Røde Kors sine lokale til møter og radioprating. Samstundes skal radioklubben i samarbeid med Røde Kors kjøpe inn nytt radioutstyr som begge kan nytte seg av.

Målet er å kunne bidra med naudkommunikasjon dersom dei ordinære kommunikasjonskanalane fell ut.

Tale og e-post

Svein Jarle Moe og Thor Osvold-Hansen i Søre Sunnmøregruppa av NRRL seier radiosambandet kan brukast til både tale og enkel e-postoverføring.

– Gjennom eit system som heiter Winlink 2000 kan ein få fram e-post til det ordinære internettet, men det kan også fungere utan internett mellom enkelstasjonar, seier dei.

I ein naudsituasjon vil ein i første omgang kunne opprette radiokontakt med Hovudredningssentralen, som lyttar til HF-sambanda.

Sambandsleiar Børulf Lefdal i Ørsta Røde Kors meiner eit slikt system kan kome til nytte.

– Hadde vi hatt slikt utstyr under Dagmar, kunne vi oppretta direkte samband med Hovudredningssentralen. Hadde det oppstått ein situasjon der det var behov for redningshelikopter, kunne vi raskt fått kontakt, seier han.

– Aldri meir isolert

Helge Vatne set også pris på endå eit sambandsnett til bruk i naudstilfelle.

All røynsle seier at det er bra å ha reserve av ting, i tillegg til at det er greitt å kome ut av området. Aldri meir skal Ørsta verte isolert, seier Vatne.