Tidlegare har Fefast fått støtte frå Aksjon Bedre Vei om valet om framtidig stamveg på E39. Norges lastebileierforbund Møre og Romsdal har hamna på same konklusjon.

– NLF Møre og Romsdal har fatta dette vedtaket, og argumenterer med avstand, miljø og den flataste og kortaste lina, seier administrerande direktør Geir A. Mo.

– Eg kan stadfeste at vi går for Fefast, seier Sverre Jan Rønneberg som sitt i forbundsstyret sentralt som representant for region 5 (Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal).

– Når ein ser på kartet vil vi ha vegen beinast og flatast mogleg, og så kort som mogleg.

– Fefast som er alternativet

Diskusjonen rundt Fefast og Hafast har vore varm lenge, og er eit tema som vert teke opp når samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen vitjar m.a. Ørsta komande veke. Under vitjinga skal han på synfaring, og ha fleire møte med lokale styresmakter og vegselskap i samband med at Samferdselsdepartementet skal ta stilling til val av hovudtrase for vidare planlegging av E39 på strekninga Skei i Jølster–Ålesund. Vedtaket som NLF Møre og Romsdal har gjort vart teke for ei tid sidan, og dei ser på Fefast som det naturlege vegvalet.

– Viss ein tenkjer på ein gjennomgangsveg for transporten som går nord og sør gjennom fylket, så er det meiningslaust å dra ei ekstra sløyfe forbi Hareid og med dei stigningsmetarane som du får i Eiksundsambandet. I tillegg skal same trafikken gå gjennom Ålesund, og det vert ein veldig omveg. Vi vil ha den flataste, beinaste og kortaste vegen, og då er det heilt klart Fefast som er alternativet, seier Rønneberg.

– Førebels ikkje noko standpunkt sentralt

NLF sentralt har ikkje gjort noko vedtak om saka.

– Vi har ikkje teke noko standpunkt, men vi registrerer kva vår sterke lokalavdeling i Møre og Romsdal meiner. Førebels har vi ikkje noko synspunkt utanom det.

– Kjem de til å ta eit standpunkt i denne saka?

– Det er vanskeleg å seie akkurat no. Det er eit omfattande og stor vegprosjekt på nasjonalt nivå. Det kan tale for at vi gjer det, men det vil vere avhengig av situasjonen og at NLF Møre og Romsdal eventuelt ber forbundsstyret om å gjere det, seier Mo.