Den særs varme vinteren har skipla naturen sin timeplan. Fleire plassar i Ørsta og Volda vert det rapportert om blomar som blømer fleire månader før dei vanlegvis gjer det. I Follestaddalen kikar gule påskeliljer fram i blomsterkassene.

– Dei byrja bløme allereie nokre dagar før jul. Vanlegvis kjem dei først i mars/april, seier Torill Nydal. Sjølv nattefrosten natt til måndag såg ikkje ut til å stogge blomane sin tidlege vår.

– Dei er hardføre, så dette skal dei tole.

Torill Nydal.