I helga samla Sunnmørsseminaret rundt tretti personar frå målrørsla i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane på Hotel Ivar Aasen i Ørsta. Dette er andre året Sunnmørsseminaret vert arrangert, og det er Sunnmøre mållag som står bak. For deltakarane venta det eit variert program med fagleg og kulturelt innhald.

– Viktigaste grunnen til at vi arrangerer desse seminara er at det mange målfolk ofte grur seg til er å gå ut og argumentere. Det er vanskeleg, og ein krevjande argumentasjon fordi argumentasjonen mot nynorsk er veldig instrumentalistisk. Vi har ikkje bruk for det, og fleirtalet treng ikkje nynorsk og det kostar så mykje pengar. Sjølv i Ørsta så seier folk at Ivar Aasen er den dyraste mannen i Noreg si historie, og slike ting. Det som er føremålet med seminaret er at folk skal verte flinkare å argumentere for nynorsken, seier leiar Terje Kjøde i Sunnmøre mållag.

– Mange argument som ikkje held vatn

Leiar Vebjørn Sture i Norsk målungdom hadde det første innlegg under årets Sunnmørsseminar. Saman med Janne Nygård har han skrive boka ”Kva skal vi sidemål? Argument og fakta”, og gav deltakarane ein grundig gjennom gjennomgang av punkta som taler for sidemål, og mytane som taler mot.

– Det finst argument mot sidemålet, men det er også veldig mange argument som held vatn. Vi i målrørsla må også verte flinkare til å sparke ballen i angrep og tale vår sak først, i staden for å parkere bussen framfor mål kvar gang og vere defensive, seier Sture.

– Mållaget har hatt god vekst

I tillegg til innlegget frå Sture snakka Ingar Arnøy om korleis styrkje målrørsla ideologisk og organisatorisk under første dag av Sunnmørsseminaret. Søndag var Ivar Aasen eit tema, og Terje Aarset og Terje Kjøde hadde ei samtale om diktaren Ivar Aasen med utgangspunkt i boka Symra som Aarset har gjeve ut.

– Eit anna føremål med seminaret er å sveise oss i hop, og verte kjende med kvarandre. Sunnmøre mållag har hatt god vekst dei siste åra, og vi har auka medlemstalet med 25 prosent gjennom dei 4–5 siste åra. Vi har fått tre nye lokallag i Vanylven, Sande og Haram. No er det to kommunar som ikkje har lokallag, og det er Stranda og Stordal. I Stordal er det nok ikkje så lett å få til eit lokallag, men på Stranda bør vi få til eit mållag og det er det neste vi siktar mot.