Mannen vart funnen død i bustaden sin etter at ein ikkje hadde høyrt frå han på ei stund. Ei veke i forvegen hadde straumen til bustaden vorte stengt av. Ifølgje politiet tyder mykje på at mannen prøvde å få opp varmen i bustaden ved å fyre opp ein grill innandørs, då det vart funne ein kolgrill like ved mannen.

Politiet rekna dødsfallet som mistenkjeleg, og det vart gjort ein obduksjon av mannen. Obduksjonen stadfesta at han døydde av kolosforgifting.

Kolos, eller karbonmonoksid (CO), er ein svært giftig og luktlaus gass som oppstår av ufullstendig forbrenning av karbonhaldige stoff.

Lensmann Guttorm Hagen opplyser at mannen opphavleg kjem frå eit afrikansk land.

– Det er mogleg at han med sin kulturelle bakgrunn såg det som naturleg å gje varme til huset ved å fyre opp ein kolgrill. Med opne hus er det vanlegare med brensel innandørs, men i Noreg er husa tette og isolerte, seier Hagen.

Dødsfallet skjedde tidlegare i november. Då hadde straumen i leilegheita vore utkopla ei vekes tid.

– Å stengje straumen på denne årstida kan vere ei utfordring for dei som bur i husa. Ein ser dilemmaet straumleverandørane har dersom nokon ikkje betalar rekningane. Men det kan få slike følgjer for dei som ikkje er så ressurssterke, seier Hagen.

Les også: – Har grundige varslingrutinar for straumstenging

Lensmann Guttorm Hagen stadfestar at ein mann døydde av kolosforgifting i Ørsta.