Geologar er no på plass i Årsetdalen, og det vert halde møte på skulen etter at dei har gjort sine vurderingar.

Rundt 40 menneske er framleis evakuerte etter dei store jordrasa som kom fredag kveld/natt.

Fleire hus råka

Politiet fekk melding om eit stort jordras på Årset klokka 23.35 fredag kveld.

Naudetatane rykte ut, men hadde problem med å ta seg fram då vegen var sperra grunna raset. Ved hjelp av hjullastar fekk dei rydda vegen.

Tre hus vart direkte råka av ras. To av dei fekk store skadar. Eit tredje, på Myklebust, litt lenger framme i Årsetdalen, fekk eit anna jordras rett i husveggen.

Tilbakemeldingane frå dei mange rasa er at det berre er materielle skadar.

- Til alt hell kom ingen personar til skade, seier ordføraren.

Møte i kveld

- Når geologane har kome skal vi saman med dei og politiet setje oss ned for å vurdere om det er trygt å flytte tilbake til husa som ikkje vart råka av jordrasa, seier Hovde.

Etter møtet vil dei organisere eit møte på Vartdal for å informere og prate med folket der.

- Vi har sjølvsagt heller ikkje gløymt verken Vatne eller Follestaddalen, men vi prioriterer no Vartdal som er spesielt råka, seier Hovde.

Han fortel om sterke inntrykk frå dagen i dag.

- Eg har forstått det slik at slike jordras bruker litt tid på å kome ned fjellsida. Du høyrer buldring som gjer at du får ein så sterk angst at det sit i folk i lang tid etterpå. Fokuset vårt framover vert å snakke med dei som er berørte. Vi har også med oss folk frå omsorgsgruppa på møtet, seier han.

Manglar straum

Tussa melder at linja til Årset er teken av ras. Linja må koplast frå, og alle andre enn dei som er knytt til trafo Årset får att straumen. På Årset vil Tussa sette opp eit aggregat. Det skal vere på plass i løpet av laurdag.

Det er også utfordringar med å få vatn til nokre av husa i området.