Best Western Raftevold`s Hotel og Bakketunet går ut av samarbeidsnettverket med Hjørundfjord Adventures og Kaldneset AS. For Bakketunet sitt vedkomande har dette samanheng med Hjørundfjord Adventure sitt ynske om å satse på helikopterflyging av skituristar.

Uaktuelt

– For Bakketunet sin del er det heilt uaktuelt å støtte den nye satsinga til Hjørundfjord Adventures som har gitt uttrykk for at dei ønskjer skiturisme med helikopter i Hjørundfjorden, seier Marita Bett Jensen, drivar av Bakketunet på Åkre i Storfjorden.

Både Best Western Hotell Raftevold`s Hotel og Bakketunet har vedteke å gå ut av nettverket med Hjørundfjord Adventures og Kaldneset AS. Møre og Romsdal fylkeskommune og Innovasjon Norge delte i fjor ut midlar som skulle gå til reiselivssatsing og «marknadsorientert opplevingsproduksjon” i Møre og Romsdal.

Hjørundfjord Adventures (då Bjørke Adventures) stod som hovudsøkjar og nettverket vart støtta med 1,728 millionar for å utvikle produktpakkar som fremja reiselivssatsinga på aksen Stryn-Ålesund.

Verdigrunnlag

– Vi har kome til eit vegskilje der vi opplever at nettverksbedriftene ønskjer å gå i ulike retningar. Eit samarbeid mellom aktørar som ikkje har same verdigrunnlag og målsetjing er ikkje fruktbart. For Bakketunet sin del er det heilt uaktuelt å støtte den nye satsinga til Hjørundfjord Adventures som har gitt uttrykk for at dei ønskjer skiturisme med helikopter i Hjørundfjorden. Eit slikt konsept strid mot verdiane til Bakketunet som ønskjer å drive vern om felles kulturarv og ta vare på røtene sine i den norske bondekulturen, seier Jensen.

Raftevold

Best Western Raftevold`s Hotel seier i ein kommentar at samarbeidet ikkje har skapt noko utvikling for hotellet som er lokalisert i Sogn og Fjordane.

– Vi meiner at hotellet og Bakketunet, som etablerte aktørar, vart brukt til prosjektet for at prosjektet kunne verte etablert, og bruken av midlar har etter vårt syn i størst grad gått til utvikling av Hjørundfjord Adventures. Vi er ein seriøs reiselivsaktør med store tradisjonar sidan 1867, og kan dessverre ikkje vere med i dette prosjektet vidare, heiter det frå Best Western Raftevold`s hotel.