– Viss ferja forsvinn vil det vere svært negativt for verksemda vår. Vil vi få auka kostnader og mykje lenger transporttid, seier dagleg leiar Jan Endre Vartdal.

I framlegg til økonomiplan for 2014–2017 for Møre og Romsdal fylkeskommune vert det vurdert å leggje ned ferjeruta mellom Festøya og Hundeidvika, noko som vil spare fylkeskommunen for ei årleg utgift på mellom 12 og 14 millionar kroner.

Mellom anna vert det vist til at det på sambandet så langt i år har vore ein trafikknedgang på 12 prosent.

Steg tilbake

Dagleg leiar Jan Endre Vartdal på Vartdal Plast meiner det vil vere to steg tilbake for bedrifta dersom politikarane vedtek å avvikle ferjesambandet.

Vartdal viser til at Vartdal Plast har dagleg transport, fleire gonger for dag, med ferjesambandet til Hundeidvika i samband med leveransar til bygg- og møbelindustrien i Sykkylven.

– I tillegg brukar vi ferja ofte begge vegar i høve terminaldrifta vår i Sykkylven, seier Vartdal.

Han peikar også på at Hundeidvik-ferja er viktig for den totale samferdselen mellom regionane.

Bring

– Ein stor aktør som Bring nyttar også dette ferjesambandet mykje i høve leveransar av stykkgods langs kysten. Og ferja har større samfunnsbetydning enn dei fleste trur, vurderer Vartdal.

Kostnadene vil auka mykje viss Vartdal-bedrifta vert tvinga til å nytte ferjesambanda Festøya-Solavågen og Aursnes-Magerholn for å kome seg til Sykkylven.

– Å køyre Kvivsvegen er uaktuelt fordi det vert for langt, fortel Vartdal.

Han set sin lit til at politikarane ikkje lyttar til fylkesrådmannen i denne saka.

– Eg oppmodar politikarane om å setje seg meir inn i den samfunnsmessige betydninga av sambandet. Ferja har stor betydning for mange, seier Jan Endre Vartdal som trur Vartdal Plast er den største kunden i sambandet.

Strekkje seg

Dette sambandet er så viktig for Vartdal Plast at konsernet er villig til å strekkje seg langt for ferja sin eksistens.

– Vi utelukkar ikkje at det kan verte aktuelt for oss å kjøpe ei ferje for å kome oss over fjorden. Alt må vurderast for å kunne ha god logistikk for industrien.