Gjennom støtte frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Nordea og SafeRoad kunne elevane frå 10D på Ørsta ungdomsskule ta turen til G-Sport i Ørsta for å hente tolv splitter nye syklar onsdag. Syklane går inn i sykkelparken til skulen, som er eit populært tilbod for elevane. Sparebank 1 Søre Sunnmøre har gitt midlar til sju syklar, i tillegg til å gje nye refleksvestar til skulen. Nordea står for tre av syklane og SafeRoad to.

– Dette er eit positivt tiltak som vi støttar. Elevane vert tryggare i trafikken når dei er ute på tur, og dei kjem seg også ut for å trimme i skuletida, seier Bernt Østgaard i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

– Prosjektet har også vore i gong lenge, og dei er flinke til å ta vare på det utstyret som dei har. No var tida inne for å fornye parken litt, seier Arne Lothe i Nordea.

Sykkelpark i tolv år

Dei tolv nye syklane går inn i ein park på rundt førti syklar. Tidlegare har sykkelparken også fått sykkelhjelmar i gåve, og difor kan skulen ta med seg mange elevar ut på tur.

– Sykkelparken var starta opp i skuleåret 2002-2003, og den vert tolv år i år. Då den vart starta opp fekk vi også syklar i gåve, og dei har vart i tolv år. Summen som næringslivet har gått inn med her kunne gjeve oss tjue nye syklar, men vi valte heller tolv syklar av litt høgare kvalitet. Vi håper at dette gjev gevinst, og at syklane varer lenge, seier kroppsøvingslærar Einar Myrold.

– Til glede for heile ungdomsskulen

Syklane i sykkelparken vert flittig brukt om hausten og våren, og i vintermånadene vert det gjort vedlikehald. Sidan skulestart har fleire klasser allereie vore på sykkelturar, men det var elevane frå 10D som først fekk nytte dei nye syklane. Dette er eit lågterskel tilbod som vert nytta i fleire fag, ikkje berre kroppsøving.

– Dette er noko som heile ungdomsskulen har glede av gjennom dei tre åra dei går på skule, seier Lothe.

– Takk for gåva

Rundt 315 elevar vekslar på nytte sykkelparken, og Ørsta ungdomsskule er veldige glade for å næringslivet støtter opp om prosjektet.

– Vi ynskjer å takke for gåva og støtta frå aktørane. No kan elevane nytte desse syklane, og kome seg ut på tur, seier rektor Marianne Solbjørg Ose på Ørsta ungdomsskule.

– Hadde ikkje bankane og næringslivet sett verdien av eit slikt prosjekt, så hadde det ikkje vorte noko av. Vi er glade for at dei støttar oss, seier Myrold.