Prosjektet heiter Ungdata, og elevar i ungdomsskulen og i første klasse på vidaregåande er målgruppa.

Seks tema

Gjennom ei spørjeundersøking skal elevane svare på spørsmål om seks ulike temaområde: foreldre og vener, skule og framtid, tobakk og rus, fritid, risikoåtferd og vald, helse og trivsel.

Undersøkinga skal gi svar på mange spørsmål. Mellom anna kor nøgde ungdomane er med livet sitt, korleis dei likar det på skulen, korleis dei har det på fritida, kva dei gjer på når dei ikkje er på skulen, osv.

– Det høyrest omfattande ut, men det er det ikkje. Testen varer i om lag ein skuletime, seier Jonas Bjørneset som er leiar for ungdomsrådet i Ørsta.

Han seier kartlegginga er eit viktig folkehelsearbeid i kommunen som gjer at politikarane har fakta å basere seg på når dei skal gjere viktige vedtak.

Det er første gong Ørsta kommune gjennomfører ei slik undersøking. Same undersøkinga skal verte gjennomført i Volda, på same tid.

– Det vil gi oss eit godt samanlikningsgrunnlag når resultatet er klart, seier folkehelsekoordinator Ingvild Endal.

Gulrot

Undersøkinga vil skaffe kommunen førstehandsopplysningar om korleis dei unge opplever nærmiljøet, og korleis dei har det i Ørsta.

– Og det vi finn kan vi ta omsyn til i det vidare plan- og utviklingsarbeidet i kommunen, fortel Endal.

Undersøkinga vert gjennomført dei siste to vekene før haustferien.

– Og så har vi ei lita gulrot for å få elevane til å svare på alle spørsmåla. Dei som svarer på alt får to kinobillettar, seier Bjørneset.

Ei ungdataundersøking vart gjennomført i Lillehammer i fjor, og der kom det fram at mange unge slit psykisk og kjenner seg einsame.

– Du kan ha så mange vener du vil på Facebook. Vi er alltid tilgjengelege, men det er ikkje sikkert at det gjer livet vårt rikare. Det vert spennande å sjå kva vi finn ut her, seier Endal.

Resultata og svara frå undersøkinga vert lagra i ei nasjonal database, men elevane er anonyme.