Sjå bildeserie frå øvinga: Trykk her

Dette var ramma for øvinga: Klokka viste 17.10 på ein vanleg torsdags ettermiddag, og alt var stille og roleg ved Ørsta Volda lufthamn Hovden. Bakkemannskapa drakk av kaffien på pauserommet og naut daglegdags slabberas. Men då klokka bikka 17.15 skjedde det noko.

Naudmelding

Stilla vart avbroten av ei radiomelding som stadfestar at eit rutefly har fått problem, og må naudlande på Hovden. Skadestadsleiar fekk på seg uniformen, varsla politiet og budde bakkemannskapa på situasjonen.

Men så kom ei ny melding: Ein av passasjerane i flyet er væpna, og trugar resten av dei som er i kabinen.

Då reagerte naudetatane raskt, og gjorde seg klar til å ta imot flyet 17.45. Litt før klokka atten kom fartyet inn mot Hovden, men i staden for å lande på rullebana, styrta flygemaskinen ned i myra ved glattkøyringsbana ved NAF-senteret.

Heile 90 personar frå alle naudetatane køyrde i hui og hast til skadestaden, og tok seg fram i det ulendte terrenget, berande på brannslangar, bårer og fyrstehjelpsutstyr.

Kringom låg det strødd med skadde personar og vrakrestar. Flammene sleikte mot himmelen fleire plassar, og ein kaunne høyre skjerande skrik frå fleire som hadde overlevd, men som var livstrugande skadde.

Øving

Dersom dette hadde vore ein reell situasjon, hadde folk nok lest om denne saka i fleire medium enn berre Møre-Nytt. Heldigvis var flystyrten berre ei øving, men det la inga dempar på innsatsen frå naudetatane.

– Vi øver på situasjonar som alle håper aldri kjem til å skje, seier operasjonsleiar Einar Arne Rostad ved Sunnmøre politidistrikt.

Han er klokkeklar på at det er viktig å trene på skarpe situasjonar, slik at dei rette refleksane sit i ryggmargen når det verkeleg «brenn på dass», som dei seier i forsvaret.

Gode nok?

– Føler du at de er godt nok budde på reelle kriser?

– Det er eit vanskeleg spørsmål, sidan ein aldri kan vite det for sikkert. Det vil vere arrogant å seie at vi er gode nok sånn utan vidare, men vi er i alle fall ikkje ubudde. Den dagen det fyrst skjer noko, kjem det uansett til å vere mykje meir brutalt enn ved ei øving, seier Rostad.

Han seier seg uansett godt nøgd med dagens øving, og roser alle naudetatane.

– Vi har svært god dekning med både brann-, ambulanse- og politimannskap her i Ørsta. Det ser vi mellom anna i dag.

Operasjonsleiar Einar Arne Rostad frå Sunnmøre politidistrikt var svært nøgd med gjennomføringa av øvinga. Foto: Ivar Lid Riise