- Dette er vår gåve til det norske folk på Ivar Aasen sin200-årsdag. Dei gamle fjelli er ein song som mange er glad i. Filmen er speltinn i landskapet Aasen vaks opp i, med flotte skodespelarar og songarar i allealdrar, fortel prosjektleiar for Språkåret 2013, Inger Johanne Sæterbakk.

Blir vist påflyplassar

Ivar Aasen var på reise nesten heile livet sitt, i arbeidetmed å samle inn og skriftfeste dei norske dialektane i skriftspråket nynorsk.På 200-årsdagen vil filmen også bli vist til folk som er på reise.

- Flyplassane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vil visefilmen på infoskjermane sine på 200-årsdagen. På denmåten får vi feira Aasen der folk gjerne er i august, nemleg på ferie, seierSæterbakk, som håpar filmen vil leve eit langt liv også etter at200-årsfeiringa og Språkåret er ferdig.

Opptaka til filmen blei gjort i juni i år i Dalei Sunnfjord, Ørsta, Volda og Stryn. Filmen er produsert av produksjonsselskapetRollo Tomasi for Språkåret 2013. Regissør er Mikal Hovland.