Sylta låg i tetgruppa alt frå tidleg i løpet, og var førstemann av tre då dei nådde Skåla etter eit lite kvarter ute i løpet.

Sluttida på toppen av Saudehornet, 1.303 m.o.h. vart 51.06.

Løyperekorden til Jon Tvedt på 47.59 frå 2007 vert altså ståande i minst eitt år til.

Rett bak Sylta kom Torstein Tengsareid frå Egersund IK Friidrett på tida 51.12.

Tredjeplassen tok Johan Bugge frå Eidsvåg IL på tida 51.24.

Best i kvinneklassa

Kirsten Marathon Melkevik frå IL Gular var raskast i kvinneklassa. Ho nådde toppen på tida 59.45.

Løyperekorden for kvinner er det Anita Håkenstad som har frå 2005, med tida 55.52.

Andre kvinne til toppen var May-Britt Buer frå Gaular IL på 1.02.17.Therese Sjursen frå BFG Fana kom på tredje på tida 1.03.25.

Totalt var det 90 startande i konkurranseklassa.

Også vergudane var i godlynne. Regnet pøsa ned før løpet, men då startskotet gjekk skein sola.

På rad og rekke. Øystein Sylta (fremst) på veg opp som førstemann i Skåla. Han var fremst også på toppen av Saudehornet. Bak kjem Torstein Tengsareid og Johan Bugge. Foto: Janne-Marit M. Falch
Startskotet har gått i småbåthamna, og 90 deltakarar siktar seg inn mot Saudehornet. Foto: Rune Sæbønes